strangedays

Come nei sogni tu corri e non giungi mai...

Thursday, August 27, 2009

Film, flytting og lånekasseklaging

Tors & fre, lika regnfulle dagar, eg har rydda litt ut i dag ette å ha vore på "senter for komparativ medisin" på Rikshospitalet. Chips & Sri Vraja-Dhama-Mahimamrta II. Regn.

Eg lurte nettopp på ka tid eg sko få lest aviso som eg kjøpte i går, og de to studentavisene og det eine hundebladet eg rappa meg meg fra skulen (det sko nok kastast). Nå, akkurat nå seie du. Det seie ikkje eg. Akkurat i dag, blei eg så kjempetrøtt. Veldig trøtt. Så har eg og då to lange skuledagar og ein larvelagsfest bak meg, og det rett ette ankomst østlandet. Eg hadde aldri trudd eg sko sei detta men OSLO KJÆRE OSLO!!! Snakk om pesete ukontrollert vaffelsteikande dagar eg har hatt. Og eg e temmelig lei av gasskammer og uvanar og masse andre ting. Men eg skulle gjerne ha fått med meg flære filmar enn dei tre eg fekk sett, A game for girls (gioco da ragazze), The sicilian girl (La siciliana ribelle) og Taking Woodstock. Korav de to siste va de beste, den siste kanskje aller best. Og den blei bedre barre fordi at då va eg nettopp gått fra jobb (sjøl om skulle ha vore ferdig 2 1/2 time før) det va siste dag, og eg og gunhild koste oss med min temmelig vellykka fantasi-ismokka. Begge måtte på do på slutten av filmen da men...og me kom ut i ein flokk så sikkert va dobbelt så tett som i mengden på woodstock, og måtte kjempa, virkelig kjempa, oss vei gjennom mengden fram te do (det va i sånne tilfeller ein sko hatt ein paraply tilgjengelig) Det viste seg at denna enorme mengden stod i kø for neste film i edda 1, se opp, nåke animasjonsgreier. Forresten trur eg at eg har sett de mest fascinerande smileholene nåken gong, eg vett ikkje heilt om det va smilehol, eller barre avslutning på leppene eller ein blanding eller ka. Og augene forsterka liksom det heile, akkurat som om heile ansiktet omringa med nydelige krøller sa "denna personen kan ikkje varr nåke aent enn gjennomstrømmande snill og avbalansert" (men òg ein luring) Vidunderet har ein av hovedrollene i woodstockfilmen. Det va så masse andre filmar eg ville se og, eg huske selfølgelig ikkje alle, men iallefall Fortapasc og The imaginarium of doctor Parnassus. Den siste inneholde Heath Ledger og fira, trur eg, andre som overtar hans uferdige rolla (bl.a. Johnny Depp) og ikkje minst Tom Waits som djevel! Det e godt mulig begge dei komme på kino, eg får venta te då, sjøl om det blir litt mær prosjekt å få seg av gårde her i Oslo. Og heller ikkje gratis om ein ska se på det. Det va et par franske eg ville se og, og Looking for Eric hadde eg mulighet te å se lørdagskvelden, nåke eg angra litt mær på mandagen når den fekk terningskast 6 i aviso.

Ja så har eg fått meg ein sånn moderne kameratelefon. Den va ein presang fra faren min med den grunngivning at han ville ha min gamle seimens på hytto si, for der hadde han kun antenna te siemens. Det va jo snilt. Eg måtte selfølgelig sjekka ut forkjellige mobiltestar før valget (Jostein sin i-phonemisjon har ikkje heilt nådd fram te meg, eg synst de e litt store) og hadde tre ønsker/krav: passe bra kamera, radio og gps. Mindre viktig: internettfunksjonar (som eg ikkje har peiling på eller gidde setta meg inn i uansett), touch og musikk. (Der bruke eg uansett den kjære i-poden min(sjøl om den har lagt ubrukt nesten heile siste måneden)). I tillegg e det andre ting som e kjekt å ha, som lang batteritid, praktiske menyar, og greit utseende og størrelse. At det va så masse mobilar å se testar på ante eg ikkje. Likavel, eg fant meg nåken eg ville se på, den eg endte opp med hadde eg ikkje lest om, og det blei ein lang og innvikla runde på raglamyr som eg ikkje gidde gå nærmare inn på, men fem minutt før stengetid på expert endte eg opp med ein telefon, i ekstremt regn og tordenvêr så fekk til og med de ansatte te å skru av tv-ane. (Og det slo meg- tenk så masse ledningar dei har å dra ut)
I all iveren når eg kom heim skyndta eg meg å setta simkortet over i den nye telefonen (det nye simkortet starte først 10.september) og når eg kikka på tastane så bom-stod det stille. I irritasjon tasta eg inn det eg trudde va rett kode (eg huska alle tallene men ikkje rekkefølgen) så vips der va eg uten telefon, verken ny eller gammal. På jobb prøvte eg å ringa te chess, nåke som skulle visa seg å varr enklare sagt enn gjort (eg håpe ikkje de sjekke telefonrekningen sin så nøye) Men altså, tre gonger ringte eg og stod ein evighet i kø, den eine gongen i over ein time, uten å komma gjennom. Mandagen ordna det seg. Nå må eg kanskje læra meg sånne ordbokgreier, nåke eg ikkje gidda setta meg inn i den forrige italienskerverva siemensen. Snille trofaste telefonen va med meg i seks år, og fungerte fremdeles lika fint, bortsett fra nåken lause tastar eg måtte ha teip på. Men ka e vitsen med å kjøpa nytt og produsera mær spesialavfall når det gamle fungere lika bra? Og det nye blir revolusjonerande bedre og bedre i ett sett, sånn at ein egentlig aldri blir heilt fornøyd lenge, eller ein kunne betalt masse mindre om ein hadde venta litt. Eg va spent på om bildene eg hadde på siemensen ville bli overført te den nye, men det blei de altså ikkje. De fleste meldingane blei det, sjøl om det virka som om de va plukka ut litt på måfå. Eg har ikkje så masse bilder innpå den gamle, men nåken fra den første perioden eg kjøpte telefonen, då eg fremdeles gidda å bruka det eksterne kameraet, bl.a. nåken koslige eg og Lene har tatt av kvarandre mens me budde på hotell i Pisa og leita ette leilighet. Naive, dumme og lykkelige. Kanskje eg har ein ledning ein eller aen plass så kan få overført de...Eller bruka nåke sånne bluetoothgreier. Det e masse uvant på den nye telefonen, eg har ikkje fått satt meg så godt inn i alt ennå, og meldingar går litt treigt. Ringetonen va stilt unormalt høgt, ikkje så kjekt når telefonen ringte på ein buss og eg kvapp og ikkje skjønte at det va min før eg hadde fått tenkte meg om. Alt eg tenkte va "di dumme, dumme ku". Telefonen e ein ganske så elegant sony ericson, som eg valgte foran nokia 6700 mest på grunn av sistnevnte sitt treige kamera, det va lika irriterande som mamma sitt. Så langt e eg veldig fornøyd.

Nå e det skoddemørkt og yrregn utforbi vinduet mitt, og det minne veldig om vestland. Eg mangle gardiner, stol, tv, stereoanlegg, støvlar og kjøkkenting (eg har ei liten panna, ein kopp, ein pakke plastgaflar og ole brumm-papptallerkar). Ikkje har eg fått pakka ut ennå heller, for eg vil nemlig vaska først, det irritere meg at eg e så pirkete, men det va ærlig talt ikkje særlig reint her. Sjøl om eg i teorien har leid siden 1.juli måtte eg sjøl gå å se om rommet mitt va klart når eg kom, og sjøl om selve rommet va ok vaska va ikkje resten sååå bra...smulete kjøkkendisk, 5 tomme ølboksar ved vasken, ein tørkerull på dopaoirholdaren og ein fructisshampo slengt på golvet. Mysterier....kjøleskapet va heller ikkje masse å skryta av, der va det litt ymse, løkskal og et par pakkar snus. Hørres ut som ein gutt, og ein sjuskete ein, men tio vil visa.

Reiso va et kapittel for seg, og eg vil påstå at Veterinærhøgskulen skylde meg 500 kr. Detta fordi eg lånte internett på kinoen og bestilte flybillett mandagen, og samme dag va det lagt ut ny versjon av timeplanen. Eg måtte likavel stå opp halv fem, men det e bedre enn ingen søvn på haukeliekspressen. Eg orka ikkje tanken ein gong, då sko eg heller få pakt med meg litt innen grensene. Mandagskvelden spør eg ei om gruppeinndeling te praktisk røntgenundervisning onsdagen, men det blei ingenting av det, så eg blei temmelig irritert, siden eg då kunne ha kjøpt billett te neste fly, som va billigare, og i tillegg slept å stå opp kl. halv fem. Så irritert va eg, og så trøtt at eg flytta billetten te neste fly uansett, nåke som kosta meg 300kr mær enn den første billetten. Eg synst akkurat då at 2 1/2 time ekstra søvn va verdt det. Gunhild va så snill og kjørte meg te flyplassen, begge koffertane va 19,8 kg og eg fekk til og med ta med meg maleriet mitt (som eg kunne spart meg å tatt med meg heim i det heile tatt). Eg gjekk gjennom metalldingsen uten å pipa, men idyllen varte imidlertid ikkje altfor lenge. Eg hadde nemlig lagt macen heilt nederst i sekken min, oppi ein aen sekk, og måtte derfor pakka ut omtrent heile sekken på golvet før eg fekk tak i den. Eg har aldri skjønt poenget med å ta ut pc, ut av pc-vesko måtte den til og med! Det trur eg at eg må spør Kalle om. I samme slengen så eg stressa med å ta utav ting datt ein steinfigur i golvet og knuste av et øyra. Den hadde eg pakt inn i ein topp nettopp fordi den IKKJE skulle knusa. De oppdaga jo selfølgelig og at eg hadde toalettveska oppi der. Det hadde ikkje slått meg i det heile tatt, eg hadde barre tenkt på drikka og saks. Når eg då sko gjennom igjen peip øyredobbane mine, og macen kunne eg barre glømma å få oppi igjen, i tillegg va sekken større enn før eg tok den utav.

"Når dette skrives så skinner solen fra skyfri himmel og temperaturen befinner seg i det øvre sjiktet av 20-tallet, og jeg håper jo at det er tilfellet når du leser dette"
(hefte på Flybussekspressen)

I Oslo pøsregna det, altså omvendt av ka all logikk sko sei. I Haugesund va det nemlig strålande sol og varmt. Eg hadde små uimpregnerte skinnsko og ein lysegrå kjole som blei veeeeldig mørkegrå av regn, og det va mange som kikka rart på meg når eg stotra meg fram te t-banen på majorstua. Når eg kom fram tenkte eg at det va bedre å spør om veien med ein gong enn å leita seg fram i regnet. Eg spurte ein rett foran meg som hadde vist tegn te å hjelpa meg av t-banen rett før, han svarte ikkje sjøl om eg sa "Unnskyld?" flære gonger, nåke som gjor meg ganske irritert og eg gjekk nærmare, barre for å oppdaga at fyren va døv! Trur han leste litt på leppene eller nåke, det va ganske sært, han viste igjen tegn te å villa hjelpa meg med koffertane og så datt det barre ut av meg: "no, no, it's ok"
Ettepå, når eg hadde funne resepsjonen og sjekka rommet mitt hadde eg så dårlig tid te forelesning at eg barre måtte la tingene mine bli i resepsjonen og springa av gårde te t-bane og trikk, lika våt.

Lånekassen har gitt meg et sjokk eg ikkje trengte nå, og i tillegg slengt på et gebyr på 280kr, det gir meg hodepine. Eg lure på om eg ska flytta heim i mars, og ikkje henta tingene mine hos søskenbarnet mitt men la det stå der te neste høst. Trenge eg tv og stereoanlegg? Desverre trur eg kanskje det ettekvart. Tven e ein av tingene som hindre meg i å bli gal, så kjipt det enn e. I mellomtio har eg ting eg bør lesa (sjøl om eg hate ordet bør) og maleriet mitt som eg begynte på sist sommar har lyst te å bli ferdig snart, eg komme te å drassa rundt på det i ein evighet, eg kjenne meg sjøl såpass. I et magasin på flyet leste eg om Harald Fairhair, eg kunne ikkje tenkt meg at de forandra det. Rettferdighår, e det som tvinge seg fram i min hjerne. Hairfair. Eg trur eg ska presentera meg sånn om eg reise te England. Hello, "I'm..." Plassen her minne meg veldig om studenthuset i Siena, både plassen i seg sjøl og at det e lika internasjonalt. Det e både fint og vemodig. Men eg trur det spøke på rommet mitt. Eg har sett så masse rare folk dessa dagane, og så masse fine folk, det e egentlig ganske naturlig ettersom folkemengden e ganske så større enn i Haugesund. Østlendingar va det imidlertid nok av der og, men te tross for ein viss mengde soss-skap va de fleste (de fleste) filmfolkene overraskandes koslige og greie i kaffibaren, allikavel va det greit å reisa te Oslo og unnslippa dei. Eg va på nippet te å skriva lesarinnlegg te Haugesunds Avis om min veldig lite gode opplevevelse sist eg va på filmfestival, i 2004, og ikkje minst den merkelige "italienske mottakelsen" som va nåke av det sprøaste eg har vore med på. Kanskje eg gjørr det neste år. Om eg ikkje ska jobba der igjen da, nåke det e ein viss sjanse for. Det e så merkelig med nåken av dei folkene, det pynte seg og leve med et fornøyd smil og nasen i sky, og nyte vel mest av alt barre det at de e der, og ikkje filmane i seg sjøl. Eg trur alle har ein sånn person i seg, som kan lika å pynta seg og visa at de e nåke mær enn kem som helst, enten fordi de har råd te det eller det har gjort nåke (som ikkje nødvendigvis så mange andre har lagt merke te). Kanskje komme eg sjøl og te å gå rundt på ein sånn slags tilstelning ein gong, med lang kjole, oppsatt hår, vinglas og smil rundt munnen mens eg snakke med menn i dress.
Akk jada.

Harriet Fairhair from Haugesund

(Ikkje at eg trur nåken gidde å lesa seg gjennom det her, bortsett fra Alessandra kanskje når ho oppdage de om et par ukers tid, men det e heller ikkje meiningen. Eg får det iallfall ut. Ut i ein diffus plass. Eg vil ha is)

Sunday, August 16, 2009

Koffor

eg vil ha ein katt akkurat nå! I natt våkna eg av at eg sjøl tok et skikkelig spark med begge beino rett opp i skråtaket over sengo mi. Det i seg sjøl ga grunn nok te å bli skikkelig våken. Men det indre synet av heksevesenet som hadde stirra på meg, augene som begynte å lysa oransje og gjørr seg klar te angrep, va det som gjorde utslaget. Heile vesenet syda av pur ondskap. Og i et siste forsøk på å unngå angrepet hadde eg altså tatt sats og sparka te med begge beino. Den som hadde hatt et trygt, pelskledd vesen å løfta opp i sengo i sånna øyeblikk! Istedenfor måtte eg lesa donald i minst ein halv time, før eg kunne sova igjen. Kanskje eg ska varr glad for at eg i det minste ikkje bur i et stort hus heilt åleina, og i Oslo komme eg heller ikkje te å bu åleina. Likavel, mmmrrr....

Saturday, August 15, 2009

Vås

I dag har det ikkje vore opplett i ETT sekund ein gong. Og macen, eller snyltenettverket eller ka det nå e går så treigt at det kan få den mest tålmodige sjel te å fly i flint. Det verste e at tio går så fort, ein "ska barre" så flyr timane. Takka meg te dagane i Haugesund, der alt som har med sånne ting å gjørr e langt vekke, og hjernen blir fort mær fri, som oftast, selfølgelig e det av og te nåke ein "må". Skriva blogg e heldigvis ikkje ein av de. Når eg først e inne på mac og sånt, kom eg på nå igjen at ett av målene mine for i sommar va å få kjøpt meg ein ekstern harddisk. Eg fekk litt skrekken når Birgitte sin plutselig slokna og ho gjekk rundt i uvisshet i to dagar i frykt for at både bilder og eksamensstoff va forvunne for alltid. Det e to år siden. Og innimellom slår det meg at det kan jo skje med meg og. Det e egentlig barre bildene eg tenke på. Enn så lenge har det blitt med tanken. Eg har kikka litt, men det e ein kjedelig ting å bruka 600kr på. Nå må eg kanskje barre få kjøpt ein, i Oslo blir det garantert ingenting av.
Sommaren nærme seg slutten, og sånn sett e regnet vemodigfint, sjøl om det har regna på østlandet og i dag e det et faktum at det regne mindre, og når skulehverdag og andre greier senke seg over meg kan eg bevega meg i opplett ute, og kanskje får eg til og med brukt et par sommarkjolar te før høsten komme. Og eg glede meg faktisk te å begynna på skulen igjen, sjøl om eg har ein friperiode nå, e eg sliten, det har blitt ein del jobb, ofta i klynger her og der, og å komma trøtt heim te "gasskammeret" som pappa kalle det e eg temmelig lei av. Ja eg ganske lei av mamma sine vaner og uvaner akkurat nå. Og for meg har alltid jobb vore jobb og skule "ferie" (bortsett fra rett før eksamen da selfølgelig), synd å sei det men det e sånn eg fungere. Einaste eg ikkje glede meg så masse te e pakking, og rydding her heima, og ikkje minst flyttelass på haukeliekspressen for tredje gong. Spesielt når eg må ta nattbuss og vett at eg ikkje får sova et sekund ein gong. Men når eg først komme te Oslo ska eg bli snillare mot heile meg. Iallfall ette ting har roa seg den første helgo. Det hende frasen fra Fedon Lindberg slår ned i meg av og te: me behandle magen våras som ei bossbøtta. Men det blir barre sånn...og det hjelpe ikkje med varierande arbeidstid og sjokolade rundt meg overalt, å komma trøtt heim seint på kvelden og liksom måtta eta nåke skikkelig, så tar det ein evighet før ein sovne fordi ein e så gira, og beino verke ette å ha stått på hardt golv heile dagen. Dessuten har eg funne ut at det å varr sunn har ulike fasar hos meg, enten drite eg i alt, eg drite kun i ka eg ete, eg e sunn fordi eg må, eller eg e sunn fordi eg føle at kroppen trenge det og eg vil. Sånn går det om og om igjen. Og det passe så altfor godt te beskrivelsane av vekten, det meste av det passe på meg virke det som. Vekten går alltid litt opp og ned. Men skifte alltid og det tar aldri av, for de e altfor glade i snop, og likavel altfor forfengelige og opptatt av skjønnhet te å bli skikkelig tjukk. Jada. Før skulen begynne må eg lada opp te grytidlige morgenar, og servering av kaffe latte og baguettar te blærete og eplekjekke filmfolk. Og tanken på at eg kan risikera å selga kaffi te Alexander Rybak og kronprinsen! Slå den! Trur eg besvime av opphisselse. Kanskje eg bør laga meg ei velkomstfrasa, nåke som: "Herr Kronprins, formoder jeg?"

Når eg først nevnte Rybak må eg få ut min overraskelse over koss det va mulig for Håkon å komma med denna frasen på hytteturen: "Denna har eg aldri hørt før" Altså Fairytales. Ja eg fekk nesten hakeslepp. Stakkars, eller heldige, Håkon. Eg lurte på om han hadde budd i ei hula det siste halvåret. Og så ironisk då at første lytt skulle skje på ei øde hytta uten strøm, summandes ut fra Nina sin i-pod gjennom ein bærbar høytalardings. Neste lignandes hendelse fekk meg ikkje te å bli fullt så overaska, heller nesten flau over at eg tydeligvis e ganske så oppdatert på agurknytt og unyttig kjendissladder. Eg hadde nemlig lest om Pia Haraldsen si teaterrolla i gårsdagens Haugesunds Avis då eg kommenterte dagens VG som låg te utstilling på Moody te Iselinn, mens me stod i kaffikø. "Herregud, at de kan bruka forsio på VG te å skriva at Pia Haraldsen ska ha ei teaterrolla i Haugesund!" sa eg. "Snakk om agurknytt". Korpå det komme fra Ise: "Kem e Pia Haraldsen...?"

Eg har og fått bekjentskap med nåken av Haugesunds innbyggerar som e litt mær ulike enn de fleste av oss, kanskje til og med lokale kjendisar, som pinnsvindamo, spyttboblemannen og "søren o"-damo. Og Steven selfølgelig, han e barre Steven. Den første på klinikken og de tre resterande på kinoen. Ja de e veldig så ulike resten av oss. Og eg e uheldigvis (?) veldig flink te å få kallenavn poppandes inn i hove. Det e vel fint at de e der, egentlig. Ikkje alltid. Og pinnsvindamo kanskje aldri. Og ikkje alltid Steven heller, som på min dag nr to med 13 timars jobb i ei ellers travel uka. Då trudde eg seriøst av hove mitt sko sprekka som monstrene sine i Mars Attacks, med hakk i plato i ett kvarter i strekk. Det holde.

Det pøse og pøse, og eg tenke tebake på sist søndag, då det va sol og så uendelig fint, eg hadde åte nåken siste villbringebær og redda ein liten søt frosk. ja eg skulle barre gå ein tur, og så fant eg ut at eg ville gå ned te sjøen, og barre kjenna på vatnet. Det va overraskandes varmt, og eg hadde tenkt på fra før at eg måtte ta et bad te i sjø før det va for seint. Eg må alltid det, suga inn det siste av sommar, av vestland og landluft, stillhet og fuglesang, de siste blåbærene som ikkje lenger smake så godt. Selfølgelig komme som oftast lysten te å bada når eg barre e ute på ein liten spontan tur, uten bikini og håndkle. Men eg bada likavel, klokko sju ein søndagskveld, med solnedgang, mørke svaberg, og fine furutrer. Og eg greide såvidt å gjømma meg unna ein som kom heilt plutselig fra intet med ein båt, og heldisvis forsvant han ganske fort igjen og. Luktene, den svake varmen fra seinsommarsol og det mjuke kalde vatnet kan eg henta fram i Oslo når eg lukke augene. Og i dag regne det.

Det kan varr ganske fint av og te, å barre lukka seg inne med regn, drikka te, i utallige koppar, som får meg te å tenka på Ale. Oslo blir og ein flukt, fra alt som e nært, og akkurat nå e det nære skummelt. Det va så rart i vår på klinikken, når eg stelte og lagte te bur og la tepper om søte hjelpelause dyr (enkelte va barre søte når de va sedert, og andre ikkje så søte i det heile tatt, uff) men det kom ein slags merkelig omsorgsfølelse over meg. Eg diskuterte det med Kathrine, min glede og i øyeblikket store trang for å få mitt eget dyr, fordi at det e ikkje det samme, et eget dyr ville knytta seg te MEG, varr glad i meg og kjenna meg, og den fantastiske hengivenheten, uten forbehold. Når Kathrine va gått ut og eg stod og såg inn i de store augene te Frøya, slo det meg plutselig at oi: Kanskje eg egentlig har lyst på ein unge? Då kvapp eg te, det kom som fra intet, og eg slo det vekk, fort, men ette litt kom likavel tanken snikandes sakte tebake, og då va det fremdeles uaktuelt, men ikkje lika skummelt. Merkelige greier, eg måtte smila av det. Så et par månader seinare slår realitetane ner i meg igjen, som et nydnedslag, og eg blir igjen steinkald. Og eg e fremdeles steinkald, eg e flink te det. Ikkje vil eg nåke aent heller, og lure på ka meiningen med alle "lærdommane" mine e. Det e sikkert akkurat det, lærdommar. Og ein gong vil det sikkert visa seg. Meiningen med alt. Om eg gruble litt baki e det ting eg ville gjort annerledes, men eg har blitt så voksen (og lat?) at eg gidde ikkje angra. Og nåken ting e barre sånn som det e. Og me leve i -verdens beste land-... Eg trur ikkje på "seek and you shall find", heller ikkje "wait and you will see", men "in time you will see"
In time you will see! Takk for sommaren

Og om et år, uansett, ska eg få meg ein katt.