Det va masse som va trist med å forlata det fine gule bygget på høyden, sjøl om det e ganske fint her òg. Mest savne eg hf-stemningen, med utallige te- og kaffipausar, og forskjellige folk som har tid på forskjellige tider... (sånn at ein kan få skikkelig skikkelig lange og hyppige lyspunkt) Eg savne borggården, og Birgitte som alltid va lika avslappa som meg fram te ein måned før eksamen, og Jostein som virka avslappa uansett, Alessandra som ikkje va fullt så avslappa (men heldigvis får eg se min vakre innimellom nå te dagen) og Veslemøy som kom innom fra medisin sånn av og te. Eg må til og med innrømma at eg av og te savne herr professor og hans merkelige vesen. Det som e kjekt nå e at eg har ein kjempekoslig klasse på 30 stk i alle aldrar og fra alle kantar av landet (så skrekken med 19-årige osloberter stemte heldigvis ikkje) Det e greit av og te å kunna varr litt mær ein i mengden, isteden for å alltid måtta varr forberedt, eller å få irriterte blikk fra forelesar og ha dårlig samvittighet for om ein aen stakkar satt der åleina sist om ein har stått over ein forelesning. Verre her e elendige klasserom. Altfor få, mørke og kanskje har de egentlig vore ein kjemilab eller et bomberom (kom igjen Ås!) Der me holde te mest nå ligge under ein klinikk, det e rare lydar, blant aent fra ein maskin som sette i gang bak veggen av og te og som eg ser for meg e et eller aent oppmalingsgreier. Det e hestevrinsk og hundebjeff, rommet har kun nåken matte vinduer bak og e mørkt, det e vask og sluk på golvet og det heile ser ut som det har vore et slags undersøkelsesrom. Men det verste e at det stinke av ei eller aen rar lukt, litt urinaktig. Det e umulig å finna fram på skuleområdet som består av utallige delbygg og et auditorium her og et der. "Lesesal" e òg et kapittel for seg, det e ett lite mørkt rom te 1-årsfolkene, der omtrent 6 plasser e frie. Koslige loftet! Eg hadde sikkert ikkje lest på skulen uansett men :) Greit å ha muligheten? Ein aen ting e at fremdeles komme et par minutt for seint, eg komme alltid for seint, det e barre sånn. Nei, må faktisk innrømma at eg har blitt litt bedre. Men iallfall, ein skrekkadvarsel ved skulestart va å komma før forelesningen begynte, ellers kunne forelesaren låsa døro. Eg trudde det barre va tull, men faktisk ein gong blei eg sittandes ute på gangen fordi eg kom for seint etter lunsj og døro va faktisk låst (Eg kunne se forelesaren stå der gjennom et lite vindu) Det gjorde egentlig ikkje så masse, forelesaren va ein svær, skummel engelskmann som snakte om hygiene. Sjøl va han bakteriofob og ville knapt ta i sine egne ungar. Apropos bakterier, eg blei egentlig ganske glad når eg oppdaga at det va fredagsgraut på skulen våras òg. Faktisk heile Sio trur eg. Men nå e eg skuffa, for den e virkelig ikkje god. Ein får ein ganske bra porsjon for 27 kr, men den e skikkelig kompakt og det virke som om ein god del av melko e bytta ut med vatn. Eg håpte eg barre va uheldig ein gong, men det virke som om det e sånn de lage grauten her. Trur det e vestlendingar som e best på det eg. Han som som oftast står i kantino like eg absolutt ikkje, ein ganske ung "kul" fyr som ser sur ut og e der omtrent kvar dag. Av og te e det nåken andre der og som virke LITT blidare. Men eg savne kantinedamene på hf, sånne koslige voksne damer som nesten får deg te å tenka på mamma (æhh...) Men her komme det kjipaste: Eg har visst innført ein ny tradisjon i kantino. Eg pleide alltid ta varmt vatn på hf, det va jo mange som gjorde det. Skjønne ikkje koffor det ska gjørr nåke, eg kjøpe jo ting ganske ofta og, f.eks. ein melk te å ha i. Her og har eg alltid kjøpt ein liten melk når eg har tatt vatn (som koste 1,50 mær enn på hf) Men iallfall når eg begynte å gjørr det begynte ei veninna i klassen og nåken andre òg å gjørr det, og så ein dag va det hengt opp ein lapp over knappen: "Ops!! Varmt vann 2kr!". Litt flaut... og ganske smålig synst nå eg da. Det e tross alt ei kantina for studentar og ikkje ein vanlig profittkafè. Me ser (og hørre) nåken dyr innimellom, men det slår ikkje den feite, svære, oransje katten som av og te satt på toppen av kirketrappene i Bergen om morgenen og "venta på meg". Med ein stolt og avslappa holdning som barre kattar kan ha. Å møta han kunne virkelig gjørr dagen. Det e masse aent eg savne i Bergen, som plasser, folk selfølgelig, koslige kveldar hos Veslemøy & co eller Jostein, Sascha og Borgny, capoeiraen, kafear der ein kan sitta ein evighet, korte avstandar, sykkelen min, øvre korskirkeallmenningen, men detta va nå et innlegg om skulesammenligning da. Klage eg litt masse nå? Men me har et veldig koslig uteområde utenfor skulen, interessante emner på forelesningsplanen, veldig bra sosialt miljø, og det beste av alt e: Iselinn e der i nærheten, ein plass!
Eg glømte ein ting: Alle doane på veterinærhøgskulen har svære gliper på begge sidene av dørene. Svære... Lure på ka dei arkitektane tenkte med