strangedays

Come nei sogni tu corri e non giungi mai...

Thursday, October 25, 2007

Kjøleskapspoesi

La ragazz a con la banan a è in paradis o

Labels:

Monday, October 15, 2007

Missing suitcase

Det VAR på tide med ein ny koffert. Det kom fra andre enn meg. Men eg hadde ikkje trudd det sko bli så hardt å kasta den, det var som å forkasta ein venn, og nettopp det var nok grunnen til at kofferten blei ståandes lenge på gongen rett utenfor døro, mens ein ny ein (og forbausandes lik) allerede va komt på plass på rommet. Eg greide ikkje kasta den. Men til slutt måtte det barre bli gjort, etter å ha sjekka alle lommer for tusende gong bar det ned alle trappene og opp i ein av de svære søppeldunkane te Santalgården. Det var på tide, store svarte plastflak løsna fra undersido som va skrapt opp fordi eg aldri gidda løfta den over fortauskantar og humpete, sølete veiar, og den hadde ei rar lukt, som satt seg i kleno mine, og eg snuste den inn ein siste gong for å overbevisa meg sjøl om at moden, eller- overmoden- det var den så absolutt. Det va likavel rart etterpå, eg kjente tårene presste på og følte det som om eg hadde begått et stort svik. Og eg begynte å tenka på alle minnene som eg og kofferten hadde i lag, og alt det som barre den visste om. Den som har vore med på de fleste turane mine etter videregående, då min reiselyst oppstod, og uttallige Color Line- turar. Fylt med et stort antall sokkar og truser på vei ut og taxfreekosmetikk og -snop te under halv pris på vei heim, ein obligatorisk salem eller to, og einaste vitne te kor utrulig masse taxfreesnop eg kan hiva innpå (og det uten å bli kvalm, nesten) om det først ligge i kofferten og liksom ska bli der te eg ska heim. (Ja, eg la på meg seks kilo første året fordi kjedelig daff messemat blei erstatta med sjokolade) Spesielt ein trøst og ein påminnelse om verden utenfor var kofferten den eine gongen eg havna på den fremmede båten med det fine navnet, Silvia Ana eller Silviana og taket knirka og bøyde seg i lugaren min på første dekk når trailerane på lastebildekket på andre kjørte inn og ut, og på lugaren som va kjemisk fri for moderne lydar som radio og tv va alt som hørtes duringen fra motoren og ein eim av olje, som eg hata og elska som eg hate og elske sjølivet. I ein klaustrofobisk verden lukka for all verdens nyheter og problemer der eg underholdt meg med "Jeg lovet deg aldri en rosehage" og for første gong blei forelska i islandsk låg kofferten på golvet og sa: "Du ska heim".

Nå har den nye kofferten fått seg på sin første tur, der den gamle allerede har vore et par gonger, til pisa, og dermed e den blitt litt mær kamerat og minnerik allerede, og mær ska det bli. Allerede forme den seg i mitt hove som om den var den gamle kofferten, den som eg hadde, den ligne, og likare blir den, som hukommelsen i menneskehjernen huske som den vil huska. På bussen fra Flesland følte eg meg som ein fremmed, det va bursdagen min, når den begynte va eg ein heilt aen plass, i et aent land, nei eg hadde ikkje hatt lyst te å reisa, sjøl om eg følte meg som ein fremmed der og. Alt va så forandra på ei uka. Solo skinte med et kaldt og svakt lys, alle bladene va oransje og de blåste ned, eg va fremmed. Ungaretti sa: "Si sta come d'autunno sugli alberi le foglie" Ein leve som bladene på treene om høsten. Dei dette lett ned, et lite vindpust e alt som ska te, men allikavel, det e då de e finast, så koffor ikkje blafra litt ekstra når ein har sjansen?
Eg gjekk forbi ein mann uten koffert. På nedre korskirkeallmenningen i regnet stod han, mens travle folk hasta forbi, som eg og vanligvis gjørr når eg trøtt haste over torgallmenningen der ivrige personar prøve å huka tak i ein sjel for allslags anledningar og gode formål. Han ropte "frøken!" Har du litt småpenger? Dei låg og slengte i vesko, og mens eg rota hutra han og sa "Eg manglar litt til tobakk". Eg sa som sant va at eg synst, at det ikkje var det mest fornuftige han kunne bruka pengene på. Og han svarte: "Nei men det e godt" Kanskje han har rett, men det fekk meg iallfall te å gi ein tiar istedenfor tjue, sjøl om eg satte pris på ærligheten. Han hadde antakeligvis ikkje bruk for ein koffert, eller kanskje va det det einaste han hadde bruk for. Kanskje ein dag vil ikkje eg lenger ha bruk for ein koffert, men eg vett innerst inne at uansett vil behovet alltid varr der sjøl om det muligens blir mindre. Men det regner og det blæs. For langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.