Du ja! Nei, eg har sett wanted, den va ein av de 60-70 filmane naboen har ute i gongen, så då måtte eg barre. Eg va ganske spent på koss den va, om kommentaren te Angelina Jolie i drømmen min hadde nåke i seg. Det e ganske lenge siden nå, men va lenge ette filmen va ferdig på kino. Så kor det kom fra, ane eg ikkje. Iallfall, eg skulle intervjua Jolie om filmen, me va begge uti et svømmebasseng. Det kan ikkje ha vore mær vatn enn at det rakk oss te skuldrene, for me stod. Det va barre oss to, men mikrofon hadde eg med meg. Og Angelina, når ho fekk spørsmål om filmen, sa ho: "Ha! Det e det verste drittfilmen eg nåken gong har vore med i." Smilte og lo som om det va ein hemmelighet, eller så va det det overraska ansiktet mitt som fekk smilebåndene te å bevega på seg. Og så kasta ho på håret. Og filmen- nei den va ikkje spesielt god den. Men det verste eg har sett vil eg på langt nær sei.
I dag har eg hatt ein veldig koslig tur på kafé med Haakon og Iselinn. Me såg et kjempebilde av Pushwagner, og til og med Jan Thomas! Han hadde selfølgelig fått seg sånn svart skinnjakka som e så moderne i høst og hadde det ikkje vore for at han va så "busy" med å lata som om han snakte i telefonen hadde me sikkert sprunge fra maten og sikra oss autografen (Har ein liten mistanke om at han blei kidnappa rett ettepå, det dukka opp flære politibilar, ein i feil kjøreretning og ein inn i gågato) Sånn e det å bu i Oslo altså. Denna uko får eg tv, stereoanlegg og kjøkkenting. Det eg savne mest e faktisk tv'en, fysj og fy. Underholdning i hverdagen får eg i massevis gjennom kollektivtransporten, der e det omtrent alltid merkelige folk. Men den e og et stressmoment for meg her, ettersom eg ikkje gidde å styra med ruter og sånt ende eg ofta opp med å venta, å komma akkurat for seint, eller å ha slept å stressa, men eg e ganske storkrevande på det punktet, eg vil komma akkurat gåendes når den går, og ikkje for tidlig. Og om alt klaffe, så tenke eg "yes!" det e sånn det ska varr. Men det ende selfølgelig ofta med at eg komme for seint. Så e det nesten et kvarter te neste. Det punktet kan eg faktisk gjørr nåke med, det e tross alt det einaste eg ser på i rutene, ka tid t-banen går fra meg. Ikkje når eg ska heim, om eg ska fra skulen må eg f.eks. ta trikk først. Om eg bruke ein halvtime daglig på å venta på kollektivtrafikk, irritere det meg. Det e ikkje kvalitetstid. Merkelige greier, det e akkurat som på forelesningane på hf. To minutt for seint e bedre enn for tidlig. Stressmessig seint. Trur eg må omstilla hjernen min.
Det komme sivandes inn ei sterk lukt av tomatsuppa, eg ser for meg Toro med makaroni i, men eg e åleina heima. Så det e ikkje fra kjøkkenet her. Kan det varr ovenfra, eller ved siden av? Men eg har ikkje lufteanlegg på rommet, og vinduet e igjen. Lukto e altfor sterk, nesten kvalmande. Eg kunne nesten latt mistanken gå te spøkelset, det samme som lage bankelyd utenfor utvalgte netter og rare lydar i lampen om kvelden. Kanskje det e det samme som flytte på min tannkrem, min shampo og min sminke, kanskje eg bør vurdera det før eg bestemme meg for å anklaga naboen. Visse ting e greit å ha i fred. Det va nåke merkelig med musikken inne på badet og i stad, det hørtes ut som om nåken hadde miksa 2x dansebandlåt med Jerry Lee Lewis. Det kan umulig ha spelt nåke sånt på radioen?? Trur det einaste eg fekk med meg av tekst før eg kom meg ut derifra va
"Je drikke makkerell i kveld (blablabla)....farvel"
Ja det kan bli ein skummel kveld. Nå kom eg forresten på ein ting eg savne mær enn tv'en. Den rosa bordlampen min. Nå må eg nemlig gå bort te døro for å slå av lyset, og håpa at eg ikkje våkne eller snofle på veien tebake. Og om eg våkne mitt på natto av merkelige lydar, mareritt eller andre mystiske ting kan eg risikera å dø av sjokk før eg komme meg bort te lyset. Ja den savne eg. Det e luksus å barre kjenna at ein nesten sovne, så barre strekka ut håndo og la det komma, istedenfor å trakka barføtt bort te veggen på iskaldt golv.
Ps: Tom for energi? Det e energy på badet!