Jaja...
KVINNA
Kvinna er som ein nattgamal snø,
lyser so kvit og rein.
Glimar som sol over snødekte bø,
og rimfrosne bjørkegrein.
Strålar i smil som eit voggande hav,
med solbris i vårdagen lang.
Tusunde menn fann derute si grav,
og søv millom sjøgras og tang.
Kvinna er som ein nattgamal is,
haustlagd på åldjup fjord.
Mang ein go' mann, både vitug og vis,
glir gjenom, gjeng ned og nord.
Lyser som sol over snøkvite fjell,
med tindar og svimrande stup.
Dårar til mannen mot avgrunnen fell,
og kverv i dei botnlause djup.
Jakob Sande, Svarte næter, 1929
Kvinna er som ein nattgamal snø,
lyser so kvit og rein.
Glimar som sol over snødekte bø,
og rimfrosne bjørkegrein.
Strålar i smil som eit voggande hav,
med solbris i vårdagen lang.
Tusunde menn fann derute si grav,
og søv millom sjøgras og tang.
Kvinna er som ein nattgamal is,
haustlagd på åldjup fjord.
Mang ein go' mann, både vitug og vis,
glir gjenom, gjeng ned og nord.
Lyser som sol over snøkvite fjell,
med tindar og svimrande stup.
Dårar til mannen mot avgrunnen fell,
og kverv i dei botnlause djup.
Jakob Sande, Svarte næter, 1929
0 Comments:
Post a Comment
<< Home