Bestialsk meis
Pause fra forsøkshundane: Heilt siden eg blei bitt av fuglebasillen som kulminerte i 12-årsalderen har kjøttmeis vore min favoritt blant dei norske småfuglane. Kanskje fordi den e så trofast på fuglebrettet, og har et flott og kraftig mønster. I tillegg ser den ut te å ha ein kjekk personlighet, i den grad småfuglar kan ha det. Den e sjølstendig, kvikk og våken, komme gjerne åleina, men og gjerne sammen med et par arstfrendar. Blåmeiso blir litt pinglete og pysete i forhold. Navnet har derimot alltid irritert meg litt, kjøttmeis e ikkje det mest delikate navnet, spesielt ikkje for ein vegetarianar (då meine eg meg, ikkje meiso). Det alternative navnet "talgokse" e ikkje akkurat så veldig masse bedre. Eg har aldri skjønt koffor ei så søt meis måtte få så stygge navn, den ete jo insekt som ganske mange andre fuglar, men e det grunn nok? Eg kom derimot over informasjon som viste kjøttmeis som nåke heilt aent enn uskyldig. Ein ungarsk forskar har nemlig filma kjøttmeiser som ete flaggermus levandes (New Scientist). De ete hjernen på forsvarslause flaggermus! Meisene oppsøke flaggermus i huler, der de e så nedkjølte at de bevege seg veldig treigt. De drepe ikkje flaggermusene før de begynne å eta på de, men flaggermusene dør ette å ha fått kraniet hakka åpent. E detta kanskje grunnen te at vampyrflaggermusene forsvant fra byggefeltet på Tittelsnes.....?
0 Comments:
Post a Comment
<< Home