Språkforvirring
Ka e egentlig språk? Det e jo barre lydar, har ingen aen betydning, så koffor fascinere det meg? Uttrykk for tankar, å "snakke samme språk". Tenk om me ikkje hadde hatt det, ja av og te hadde det vore herlig, å sleppa å tenka ka ska eg sei, heller barre se på ein person og la et blikk sei alt, et smil, et stryk med håndo, uten andre muligheter. Ka betyr språk i den store sammenhengen, sånn som i meiningen med alt, det e barre ein komminukasjonsmåte, ein måte å utveksla tankar og følelsar på. Kanskje betyr det litt allikavel. Når eg va liten trudde eg at alle selfølgelig tenkte på norsk, så oversatte de inne i hove før de snakte. Men koffor gidde de, tenkte eg, det e jo masse lettare å barre sei det på norsk! Så fekk me besøk av ein busslast med barnehjemsbarn fra Kroatia på Tittelsnes, der eg blei godvenn med ei jenta, og det rare e at eg nesten ikkje huske at me ikkje forstod nåke av det den andre sa, men allikavel lekte me sammen. Eg blei forbausa når ho ville visa meg nåke i den knytta håndo si, det va ei humla, det ordet lærte eg meg, men nå har eg glømt det. Så, når eg etter kvart lærte meg litt engelsk, blei tanken på at folk kanskje virkelig tenkte på engelsk og ikkje forstod norsk mær reell. Engelsk har nok ein særstilling, siden me hørre det overalt. Så tok eg meg sjøl i å tenka på engelsk av og te sjøl. Eg diskuterte det med Vesle og Lene i høst, der Vesle sa at det gjorde ho og ofta, mens Lene sin kommentar va "Hæ, så sært!" Uansett fin måte å holda språket ved like på. I drømme kunne ofte den eine personen tenka og snakka på engelsk og den andre på norsk om det va sånn at de ikkje skulle forstå kvarandre. Ein gong va det tre personar i ein drøm som ikkje skulle forstå kvarandre. Då hadde eg begynt med tysk, men det e vanskelig og grammatikken! Resultatet va at neste morgen våkna eg med djupe tenkerynker i panno. Når eg sko læra italiensk tenkte eg at etter ein måned med språkkurs sko eg kunna ein god del, men den gang ei. Eg blei overraska over kor lang tid det tok for at det sko synka inn. Lika overraska som eg blei over kor godt det sitte når det først e komt på plass. Så fekk eg endå et språk å utfolda meg med i tankeverden og drømme. Den lille spansken eg kunne forsvant under italiensken, men ned litt repetisjon i vår e det komt litt tebake. Hos Vesle i Paris fascinerte det koss eg kunne forstå mange skilt o.l. ved å kombinera andre språk. Og magefølelsen har som oftast rett når det gjelde grammatikk og uttale sjøl om eg ikkje kan påstå at sånt e det. Heilt sikkert. Enkelte ord fra forskjellige plasser feste seg i tankemåten, nåken fordi de e enklare enn på norsk, eller kanskje uttrykke nåke som norske ord ikkje klare. Fra tysk komme hos meg ofta, "aber" og "mein gott!" (ikkje spørr koffor), på engelsk e det ofta "please" og sangstrofer som passe eller ikkje passe i øyeblikket, fra italiensk e det ein god del. Som når eg leite ette ting; "Dov`é?" og "ecco!" som forresten e et genialt ord. Det hende det komme ut høgt som småmumlig for meg sjøl, men mest plagsomt e det når det blir ein trang te å skriva det sånn, for det virke skrytete, som aristokratane på 1800-tallet som putte inn små franske gloser i dagligtalen for å virka "dannete og opplyste". Men det e absolutt ikkje meiningen, det heile bunne ut i ein trang te å uttrykka seg. Og det blir klart at ordene betyr egentlig ingenting, men det du føle bak ordet. Det som vekke størst interesse hos meg ved et språk e ikkje utbredtheten eller nytten, men kossen det e å lytta te. Tonefallet, og lydane. Vakre språk, med andre ord. Ka som e vakre språk e vel heller ein smakssak, men blant mine favorittar e islandsk og tsjekkisk, som bunna ut i nærmast ein besettelse på å læra seg språket ei stund, men det prosjektet e lagt på is ette å ha sett på den utrulig innvikla oppbygningen. Men utrulig fint e det, og nåken ord har eg fått med meg, bl.a. "vlk" som eg synst uttrykke ulv på ein veldig treffandes måte. Det e kjekt å lesa små tekstar på ulike språk, for å sammenligna, og ein god mulighet e sjampoar og balsamar... istedenfor å synga i dusjen (nåke som e lika greit at eg ikkje gjørr trur eg..) pleie eg ofta å lesa høgt på forskjellige språk, og tenka: visst ein fremmed hadde hørt meg nå, kor hadde han tenkt at eg va fra? eller- kor kunne eg ha hørtes ut som ein innfødt? kunne eg blitt tatt for svenske, danske, tyskar, spanjol, italienar osv? (eg må gi tapt på fransk og finsk) Nå sitte med ein kloss av ein fysikkbibel på engelsk foran meg, alt det her e barre unnskyldning for å sleppa, eg har drukke et glass vin, som e nok på ein dag som det her. Det e varmt,, altfor varmt for Bergen i mai, i går la eg min leseplan, og det va på tide. Den e streng, eksamen nærme seg med stormskritt. Eg fortjene det, tenke eg, det e min feil, men eg har virkelig prøvt.. Eg har prøvt te eg sovne, (det tar som oftast 10-15 min) til og med i klassen kan ikkje alltid hove holda seg oppe. Huff, ka trur de, at eg har et mystisk dobbeltliv eller feste heile natto? Men sannheten e ein heilt aen. Eg blir sint! Ja, skikkelig! Straff deg, fattiglus. Uansett nå e planen lagt, eg ska gjørr det beste ut av den kvar dag, det e jo barre tre uker igjen (Snart ferie versus grøss og gru, eksamen) Men ka kan eg forventa. Eg har roa meg med tanken, det e jo masse å se fram te, som blir ekstra fint av litt eksil. Ofre litt, blei utfallet fredag ette altfor lang tid i rastløshet, og eg tok meg i å tenka, ja eg virkelig følte det, at nå: tilby meg ka som helst, og eg seie ja. Virkelig ka som helst, og eg suge det te meg. Skremmandes, nei, skjerp deg.
Det hjalp virkelig å snakka med Ise i går, takk du snille sjel :) Det e varmt på rommet, altfor varmt, kveldsolo skinne inn, og eg like rommet så godt. Visste eg ikkje bedre kunne det på dagar som det her vore ein heilt aen by, der eg ser ut på rustrøde hustak med varm kveldssol på. To elskverdige duer har slått seg ned på ei pipa og ses kun som to silhuettar mot himmelen. I går skreik ei kråka te meg på fjellet, eg like ikkje kråker, men det har ikkje skjedd nåke foreløbig. Straff te tross, kem kan holda seg inne i sånt ver, det finst masse gratis gleder.Duene vekke. Kollektivlivet har gått overraskandes fint, sammensetningen e rar, men kjekke folk alle sammen. Nå glede eg meg te Vesle komme på besøk 26.mai! Hm, klokko nærme seg ni, ette då e det ikkje lov å lesa. To glass. (Koffor,alltid når det e lenge siden eg har vore ute, sånn skikkelig ute, slår det ukentlige behovet over fra alt på ein dag i uko te litt kvar deg modus, eg e svak) La meg sei, et glass for hjerta. Gjesp! Til slutt, ein liten sang fra morfar, som vett å setta pris på det gode i livet:
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
ho er for ljos til det
Då skal vi vandra i saman ute,
under dei lauvtunge tre.
Då skal vi vandra i saman ute
der blomar i graset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta
som krusar med dogg vårt hår.
Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
og grashoppespelet i eng,
men vandra i lag under bleikblåe himlen
til fuglane lyfter veng.
-Og kjenna at vi er i slekt med jorda,
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera i saaman
like til morgongry.
Det hjalp virkelig å snakka med Ise i går, takk du snille sjel :) Det e varmt på rommet, altfor varmt, kveldsolo skinne inn, og eg like rommet så godt. Visste eg ikkje bedre kunne det på dagar som det her vore ein heilt aen by, der eg ser ut på rustrøde hustak med varm kveldssol på. To elskverdige duer har slått seg ned på ei pipa og ses kun som to silhuettar mot himmelen. I går skreik ei kråka te meg på fjellet, eg like ikkje kråker, men det har ikkje skjedd nåke foreløbig. Straff te tross, kem kan holda seg inne i sånt ver, det finst masse gratis gleder.Duene vekke. Kollektivlivet har gått overraskandes fint, sammensetningen e rar, men kjekke folk alle sammen. Nå glede eg meg te Vesle komme på besøk 26.mai! Hm, klokko nærme seg ni, ette då e det ikkje lov å lesa. To glass. (Koffor,alltid når det e lenge siden eg har vore ute, sånn skikkelig ute, slår det ukentlige behovet over fra alt på ein dag i uko te litt kvar deg modus, eg e svak) La meg sei, et glass for hjerta. Gjesp! Til slutt, ein liten sang fra morfar, som vett å setta pris på det gode i livet:
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
ho er for ljos til det
Då skal vi vandra i saman ute,
under dei lauvtunge tre.
Då skal vi vandra i saman ute
der blomar i graset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta
som krusar med dogg vårt hår.
Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
og grashoppespelet i eng,
men vandra i lag under bleikblåe himlen
til fuglane lyfter veng.
-Og kjenna at vi er i slekt med jorda,
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera i saaman
like til morgongry.

1 Comments:
At 1:03 AM,
Harriet said…
Hei og takk for koslige kommentarar!kjekt å hørra om språkvanene te folk. (og det går sikkert an å ha det "jostein"). og Haakon, når du ikkje tenke på et språk i det heile tatt, tenke du i bilder?
Post a Comment
<< Home