strangedays

Come nei sogni tu corri e non giungi mai...

Friday, November 02, 2007

Ei kråke og ei skjor i sakseknipe

Eg stod og kikka ut stovevinduet. Der, ved siden av fublebrettet som eg snekra ein gong, og som var blitt plassert på ein 1,5 meter høg palle mellom plommetreet og klesstativet, stod ei kråke som var like høg som meg, om ikkje høgare. Et par meter foran den stod ei skjor, nesten like stor, og på graset mellom dei låg ei neglesaks i kjempedimensjon. Dei stirra på kvarandre. Kråka begynte å klappe vingene sammen, som for å skremme skjora som barre blei ståande og kikke usikker og dum. Kråka blei usikker ho og, klossete i bevegelsane, kikka ned på saksa før ho plukka den opp, og gjorde så den samme klappebevegelsen mot skjora, denna gongen med ei saks. Skjora blei forskrekka, og hoppa et par skritt bakover. Detta ga blod på tann te kråka som tydeligvis synst den hadde funne på nåke smart, og den saksa i et kjempetempo mens den tok et par skritt framover. Skjora letta og fløyg sin vei, og kråka kasta saksa etter den så den landa på plenen. Men så plutselig var skjora tilbake på samme plass som før, og nå var det den som hadde saksa mellom vingene. Kråka stod urørlig og skjønte ingenting. Saksa var tung for skjora ja, og det var lett å se at det var et uvant redskap, men den løfta raskt saksa opp og klipte av dei svarte toppfjørene på hovet til kråka, som blei ståande urørlig. Skalpert! Haha, den såg teit ut. Eg snudde meg inn mot stova. - Mamma, pappa, Terese! Eg trur detta e nåke av det løgnaste eg har sett. Koss va det nå igjen? Jo, sånn va det...

1 Comments:

  • At 2:35 AM, Blogger Alessandra said…

    klippeklippe, kanskje det er det man skal gjøre med folk man ikke liker/ rivaler...: gå tilbake til litt småskalpering
    kos deg med familien:)

     

Post a Comment

<< Home